Forskrift om adgang jakt og fastsetting av minsteareal for elg, hjort og rådyr og fastsetting av fellingsavgifter for elg og hjort, Hjartdal kommune, Telemark

Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10

Status: Open (estimated) · Høringsfrist: 2026-12-10 (Estimated)

Ny viltressurslov av 1. juli 2026 vidarefører viltlovas krav om at kommunen må fastsette forskrift for å opne for jakt på elg, hjort og rådyr og for fastsetting av minsteareal (viltressursloven § 42). Mange kommunar har fastsett forskrifter som både opnar for jakt på hjortevilt og fastsette minsteareal i same forskrift, mens fellingsavgifter er i hovudsak fastsett gjennom kommunale budsjettvedtak eller gebyrregulativ. I brev til norske kommunar gjer Landbruksdirektoratet oppmerksam på at viltressurslov, når den trer i kraft, innfører eit krav om at kommunar som ønsker å fastsette og krevje inn fellingsavgift for kvart dyr som felles av elg og hjort, må gjere dette i forskrift, jf. viltressursloven § 9 fjerde ledd. Fellingsavgiftene må fastsettast innanfor rammer fastsett av Stortinget. Gjeldande rammer følger av Prop. 1 S (2024-2025) frå Landbruks- og matdepartementet s. 131. Landbruksdirektoratet anbefaler at kommunen fastsett ein felles forskrift for adgang til jakt, fastsetting av minsteareal, og for fastsetting av fellingsavgifter. Forskrifta reviderast ved behov. Det vil gjere avgjerdene lettare tilgjengeleg for både jegerar, interesseorganisasjonar og øvrige viltmyndigheiter. Høyringsnotat med vedlegg er sendt direkte til nabokommunar, fylkeskommunen, statsforvalter og vald/bestandsplanområde.

Saksnummer: Ikke oppgitt

Se den offisielle høringen

Dokumenter

Resultat

Tema

Høringsinstanser