Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
NVE har mottatt forslag til utgreiingsprogram frå Energeia Ålamoen AS for Ålamoen agrivoltaiske solkraftverk i Hjartdal. Frist for høyringsfråsegn er 02.05.2025.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Ny viltressurslov av 1. juli 2026 vidarefører viltlovas krav om at kommunen må fastsette forskrift for å opne for jakt på elg, hjort og rådyr og for fastsetting av minsteareal (viltressursloven § 42). Mange kommunar har fastsett forskrifter som både opnar for jakt på hjortevilt og fastsette minsteareal i same forskrift, mens fellingsavgifter er i hovudsak fastsett gjennom kommunale budsjettvedtak eller gebyrregulativ. I brev til norske kommunar gjer Landbruksdirektoratet oppmerksam på at viltressurslov, når den trer i kraft, innfører eit krav om at kommunar som ønsker å fastsette og krevje inn fellingsavgift for kvart dyr som felles av elg og hjort, må gjere dette i forskrift, jf. viltressursloven § 9 fjerde ledd. Fellingsavgiftene må fastsettast innanfor rammer fastsett av Stortinget. Gjeldande rammer følger av Prop. 1 S (2024-2025) frå Landbruks- og matdepartementet s. 131. Landbruksdirektoratet anbefaler at kommunen fastsett ein felles forskrift for adgang til jakt, fastsetting av minsteareal, og for fastsetting av fellingsavgifter. Forskrifta reviderast ved behov. Det vil gjere avgjerdene lettare tilgjengeleg for både jegerar, interesseorganisasjonar og øvrige viltmyndigheiter. Høyringsnotat med vedlegg er sendt direkte til nabokommunar, fylkeskommunen, statsforvalter og vald/bestandsplanområde.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Hjartdal kommune legger med dette forslag til ny forskrift for reguleringsplan, byggje- og delesakshandsaming, oppmåling og eigarseksjonering ut på høyring. Frist for innsending av uttale er satt til 1.8.2022. Evt. svar på høyringa sendes til postmottak@hjartdal.kommune.no.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Utval for plan og utvikling har i møte 14.04.2021 vedtatt å legge forslag til områdereguleringsplan for del av Sauland sentrum ut til offentleg ettersyn i seks veker.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Hjartdal kommune legg med dette forslag om endringsforskrift for kommunen sin gjeldande gebyrforskrift for vann og avløp ut på høyring. Planen er at forskrifta skal tre i kraft så snart ho er vedteke av kommunestyret. Administrasjonen planleggar å fremme saka for kommunestyret 29.01.2025. Frist for å sende inn høyringsuttale er sett til fredag 10. januar 2025. Høyringssvar kan sendast til postmottak@hjartdal.kommune.no , eller til Saulandsvegen 414, 3692 Sauland. Vi ser frem til høyringssvara.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Hjartdal og Notodden Bonde og Småbrukarlag / Aust-Telemark Sau og Geit har i eit brev bede kommunen om å innføre lokal forskrift om utvida bandtvang. Grunngjevinga er at det i beitesesongen dei siste åra har blitt meldt frå saueeigarar i Hjartdal om uønskte tap og situasjonar; sau har blitt spreidd til andre områder og lam som er komme vekk frå sine mødre. Fleire bønder har strevd med å finne igjen dyr som er sendt til fjells. Vedlagt notat; Høyring - Forskrift om utvida bandtvang Hjartdal kommune frå 2026.pdf gjev fleire detaljer om prosess.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Formannskapet vedtok i sak 40/2025 den 1.9.2025 å legge forslag til kommunedelplan for naturmangfald - naturmangfaldplan ut på høyring og offentleg ettersyn.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Notodden og Hjartdal kommuner har eit interkommunalt samarbeid om utføring av brann- og feietenester, der Notodden brann- og feiervesen utfører tenestene også for Hjartdal kommune. Det er fremma forslag om likelydande lokal forskrift om gebyr for lovfesta feiing og tilsyn med fyringsanlegg i dei to kommunane.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Asplan Viak har på vegne av Hjartdal kommune utarbeida eit planforslag for næringsområdet på Ørvella. Planen har fått namnet Ørvella næringsområde sør, planID 402420240001. Planforslaget legg til rette for etablering av eit område for kombinert formål (KBA) på Ørvella, sør for E134. Innanfor det kombinerte føremålet (KBA ) er det tillate med bygg og anlegg med formål næringsbygnad, industri, lager, vass- og avløpsanlegg og renovasjonsanlegg. Kommunedirektøren tilrår at planforslaget vert sendt på høyring og offentleg ettersyn.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Formannskapet vedtok den 02.12.2024 sak 2021/439 å legge forslag til kommunedelplan for kulturmiljø – kulturmiljøplanen på høyring og offentleg ettersyn, i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 11-14.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Statens vegvesen legg i samsvar med plan- og bygningslova §12-10 og §3-7 forslag til detaljreguleringsplan for E134 Grisesvingen - Tomatsvingen i Hjartdal kommune ut på høyring og offentleg ettersyn i perioden 06.11.2025. – 19.12.2025.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Forslag til detaljregulering av "Gang og sykkelveg - Tuddalsvegen fra Saulandsvegen til Gamle Tuddalsveg FV3430" vart 1.gongshandsama i Utval for plan og utvikling den 21.02.2024 og vedteken lagt ut til offentleg ettersyn/høyring.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Kommunedirektøren i Hjartdal arbeider for tida med å vurdere gjeldande forskrift om minsteareal for hjortevilt. Vedtekne minsteareal er det viktigaste styringsverktøyet når det gjeld bestandsutvikling og forvaltning. Forslag til minsteareal i Hjartdal er behandla i Utval for plan og utvikling 15/1-2025, sak 2025/25, og sendast nå ut på høyring. Høyringsnotat er sendt direkte til skogeigarlag, bondelag, bonde- og småbrukarlag, nabokommunar, fylkeskommunen og vald/bestandsplanområde. Svarfrist er 16. februar 2025 Innspel til høyringa sendast anten på e-post til: postmottak@hjartdal.kommune.no eller på post til: Hjartdal kommune, Postboks 3692 SAULAND.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Utval for Plan og utvikling handsama i møte den 19.06.2024 sak 28/2024 Reguleringsendring - del av områderegulering for del av Sauland sentrum. Utvalet fatta fyljande vedtak: « Med heimel i plan- og bygningslova (pbl.) § 12-14 godkjennast endring av reguleringsplan for Del av Sauland sentrum - planID 402420190002. Endringa går fram av vedlagt plankart, men med justeringar jf kapittel «Konklusjon» i saksframlegget. Kommunedirektøren gis fullmakt til å gjere eventuelle mindre justeringar/presiseringar i plankart og føresegner før kunngjering av vedtatt reguleringsendring.»
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
I medhald av § 11-12 jf. pbl § 11-1, 3. ledd melder Hjartdal kommune oppstart av arbeid med kommunedelplan for kulturmiljø, og legg forslag til planprogram ut på høyring.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Utval for plan og utvikling i Hjartdal kommune har i møte 14.04.21 vedteke og leggje forslag til reguleringsplan for Vest Åråhovde ut til offentleg ettersyn i seks veker.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Hjartdal kommunestyre vedtok i møte den 13.03.2024 sak 15/2024 oppstart av arbeid med kommunedelplan sin arealdel. Samstundes vert forslag til planprogram sendt på høyring og offentleg ettersyn, i medhald av plan- og bygningsloven §§ 11-1 og 11-5.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
I medhald av pbl § § 11- 1, 3. ledd og 11-12, 2. ledd melder Hjartdal kommune oppstart av arbeid med kommunedelplan for naturmangfald. Samstundes vert forslag til planprogram sendt på høyring og offentleg ettersyn.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og §12-9, varslar Asplan Viak AS, på vegner av Hjartdal kommune, oppstart av planarbeid og høyring av forslag til planprogram for detaljregulering for Ørvella industriområde sør. For ytlegare detaljar sjå vedlegg 1-3. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for ny industri/næring. Delar av planområdet er avsett til framtidig næring i kommuneplanens arealdel. Resterande område er avsett til LNFR.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
Det vert med dette varsla om oppstart av arbeid med revisjon av kommuneplanens samfunnsdel for Hjartdal kommune i tråd med plan og bygningslovas § 11-12.
Hjartdal kommune · Published: 2026-11-10 · Deadline: 2026-12-10 (Estimated) · Open (estimated)
I samsvar med §§ 12-8 og 12-3 i Pbl varslar Aquapartner Telemark AS at det vert sett i gong arbeid med privat detaljregulering, av eigedomen gnr. 92, bnr. 4 i Hjartdal kommune. Samstundes blir forslag til planprogram sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.